
Tilbake
|
|
Sjukehusa behandlar fleire pasientar fordi
budsjetta er dobla på ti år, men det er dei mest lønsame (altså dei
friskaste) pasientane som har fått gleda av auken, skriv Ingrid Fiskaa,
styremedlem i Attac Norge.
Vi
kjenner på det kvar einaste dag: Irritasjonen, maktesløysa og
fortvilinga over å aldri få tid til det vi eigentleg skal driva med.
Haugane med papir og elektroniske skjema. Registrering av ditt og
rapportering av datt. Lærarar har ikkje tid til å undervisa,
sjukepleiarar har ikkje tid til å gi omsorg og pleie. På trygdekontoret
skal folk kontrollerast, ikkje hjelpast. Systemet heiter New Public
Management, sjølv om det er lenge sidan det var nytt og spennande. Det
vart marknadsført av den politiske høgresida som eit meir effektivt
styringssystem for offentleg sektor. Konkurranseutsetting og
oppsplitting av verksemda skulle sikra billegare tenester.
Stykkprisfinansiering skulle føra til at ressursane vart brukt direkte
til tenester framfor administrasjon. Mål- og resultatstyring med system
for belønning og straff skulle konsentrera innsatsen til dei viktigaste
oppgåvene.
Fleire års erfaring tilseier at resultatet er det
stikk motsette. Fasiten er ineffektivitet, dårlegare tenester,
overbyråkratisering, skjemavelde og frustrerte tilsette. Dessutan er
det svært dyrt. Eit forsiktig overslag viser at New Public Management
kostar det norske samfunnet 12 milliardar kroner i året, eller
tilsvarande rundt 15 000 årsverk. Bare i skulane forsvinn det kvart år
1600 årsverk i auka administrasjon. Lærarar brukar stadig meir tid på
dokumentasjonsarbeid. Reklamebudsjetta som universiteta brukar for å
konkurrera om dei same studentane kostar det same som 600 stillingar i
undervising og forsking. Forskarar brukar tida på søknadsskriving og
rapportering framfor forsking.
Sjukehusa behandlar fleire
pasientar fordi budsjetta er dobla på ti år, men det er dei mest
lønsame (altså dei friskaste) pasientane som har fått gleda av auken.
Dei med vanskelegare diagnosar står framleis i kø, eller blir
svingdørspasientar: Inn på sjukehuset og rett ut igjen – og så inn ein
gong til når pasienten, som venta, treng meir behandling. I
stykkprisverda gir dette nemleg tilskot som til to pasientar. I
skjemaet ser det ut som effektiviteten går opp, i verkelegheita blir
faglege vurderingar av kva som gir betre helse sett til side. I skulen
er det ikkje lenger nasjonale utdanningspolitiske mål og læreplanar som
er styrande for aktiviteten. For å unngå å få taparstempel må skulane
tilpassa seg nasjonale og internasjonale testar, og leggja opp
undervisinga deretter. Det er nok mogleg å skåra betre på testane ved å
drilla elevane i liknande prøvar året rundt. Men det er ikkje sikkert
at elevane har betre kunnskapar av den grunn. Det som er sikkert er at
det blir vanskelegare for læraren å tilpassa det pedagogiske opplegget
til elevane sine, og at andre typar kunnskap må vika.
Samtidig
skal skulen, som leverandør av utdanningstenester til kundane sine,
kunna dokumentera alt som er gjort. Dei auka krava til dokumentasjon
gjer at læraren brukar tida foran datamaskinen og ikkje saman med
elevane. Slik skaper styringssystemet også eit kontroll- og
mistillitssamfunn. Det er basert på ein grunnleggjande mistillit til
dei tilsette sine faglege vurderingar og evne til å sjå behova til dei
menneska dei skal hjelpa. Det gjer elevar, pasientar og arbeidssøkjarar
til kundar som skal shoppa tenester på ein marknad. Slik endrar det
sjølve forholdet mellom menneska og velferdsstaten, der tillit blir
erstatta av mistillit. Ikkje stol på nokon andre enn deg sjølv; ta med
advokat til foreldresamtalen.
s
Kommentaren sto på trykk i Klassekampen 22.06.2009
|